Null effekt av regionalt samarbeid

14.09.2012
Regionalt samarbeid har ingen effekt på nyskapningen i norske bedrifter. Internasjonale partnere derimot, gjør susen, viser Vestlands-studie.
– Funna våre viser nok at det er grunn til å revurdere innovasjonsstrategiar der reine regionale nettverk og klyngedanningar står sentralt, seier Martin Gjelsvik til forskning.no.

Han er forskingsleiar ved International Research Institute of Stavanger (IRIS), og ansvarleg for eit omfattande samfunnsvitskapeleg forskingsprosjekt støtta av Regionalt forskingsfond Vestlandet.

Målsettinga har mellom anna vore å finne ut kva som kjenneteiknar innovative bedrifter i Bergens- og Stavanger-regionen, og kva som skil næringslivet i desse regionane frå andre norske storbyregionar.

Iris har gjennomført ein omfattande survey med drygt 1600 bedrifter i storbyregionane Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Kristiansand. Prosjektet held fram ut 2012, men allereie no ligg det føre fleire oppsiktsvekkande funn.

– Vi ser mellom anna at talet på regionale partnarar ikkje speler nokon rolle for kor nyskapande ei bedrift er. Dei mest innovative, er dei som har flest internasjonale partnarar. Denne samanhengen er sterk og tydeleg. For kvar ny internasjonal partnar, aukar sjansen for produktinnovasjon med 21 prosent, forklarer Gjelsvik.

Bergen på botn

I snitt har bedriftene i undersøkinga 2,5 regionale innovasjonspartnarar og mindre enn éin internasjonal. Oslobedriftene skil seg ut med sterkare internasjonal og lågare regional orientering. Osloregionen er og klart mest innovativ.

Dei gjennomgåande minst innovative bedriftene, finn ein i Bergensregionen. Mangel på internasjonale partnarar kan vere ein årsak, men Gjelsvik peiker og på eit anna interessant funn:

– Vi har sett på tre ulike typar innovasjon. Den som skjer internt i bedrifta, den som skjer i samarbeid med eksterne partnarar, og den som er basert på innkjøp frå forskingsinstitusjonar, konsulentar og andre.

– Bergensbedriftene driv mykje med den siste typen, og utviklar kanskje ikkje same interne kompetanse på innovasjon som bedrifter i dei andre regionane.

Les mer her:

http://www.forskning.no/artikler/2012/september/333091
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund