100 nye medarbeidarar

11.03.2021
Autostore vil styrke seg innan fleire kompetansefelt i 2021. (Foto: Autostore)
Autostore har sett seg mål om tilsette om lag 100 nye medarbeidarar globalt i 2021.
HR-sjef Anette Matre i Autostore starta i jobben i juni 2020, då kom ho frå same stillinga i Innovasjon Norge. Dermed fekk ho med seg siste halvdel av det spesielle koronaåret i teknologigiganten Autostore, også det eit år der rekrutteringstala i bedrifta var høge.

– Det var om lag 86 personar som signerte arbeidsavtale med oss i fjor, nokre har dei har allereie starta, andre er på veg inn. Me har styrka den tekniske utviklingsdelen her i Vats som er eit vekstområde, på global basis har me i tillegg bemanna innan sal, systemdesign og på servicedelen, fortel Matre til Medvind 24 og viser til at Autostore i tillegg til hovudkontoret i Vats har avdelingar i 10 land.

– No har me også styrka kontoret i Oslo, for å supplere med kompetansen som det er sterk kamp om her lokalt. Det er framleis her i Vats at hovudkontoret, og vogga vår, vil vere. Det var her alt starta, men Oslo-kontoret er blitt eit verdifullt kompetansesenter for oss i tillegg. For oss er det viktig å posisjonere oss, og investere i kompetanse som framleis gir oss konkurransefortrinn, meiner ho.

I år er altså målet å rekruttere opp mot 100 nye medarbeidarar, om lag 10-12 av desse har allereie signert eit par veker inn i det nye året.
 

Satsar på internship

– Me har fokus på å knyte til oss studentar og relevante personar i regionen på eit tidlegare stadium slik at fleire ser at Autostore og regionen her kan vere ein attraktiv arbeidsplass der ein kan oppnå fagleg utvikling og få spanande moglegheiter, slår Matre fast. I tillegg til sommarjobbar meiner ho det er viktig å knyte kontakt med dei yngste studentane i ulike samarbeidsprosjekt. Målet er å bygge langsiktig kompetanse i regionen, og ha om lag 25 internship på plass i 2022.

– Eg trur me har ein jobb med å synleggjere potensialet me har rundt oss, me kan raskt bli litt blinde når me har vokse opp i regionen her som er både innovativ og næringsretta. Me har hatt eit stabilt trykk på samarbeid med studentar gjennom 2020, dette vil me vidareutvikle og strukturere endå meir i året som kjem, fortel ho og viser til at fleire av studentane som har vore innom bedrifta har fått vore med på grensesprengande utvikling.
 

Nye tankar

– Studentane utfordrar oss ofte og vågar å tenkje nytt, dei er ofte fri for prosessar og etablerte strukturar som me gjerne har i eit selskap og som kanskje kan hindre kreativitet. Me treng dei som kan gi smarte og gode løysingar på konkrete problem, om det er å utvikle software-system eller robotar, eller noko anna, seier Anette Matre.

Lokala i Vats er også designa slik at det skal vere rom for kreative og nye tankar, og er nett nyoppussa. Her er det gamingrom, grøne mosevegger, gatekunst, opne samtalesonar, eige refleksjonsrom og fokus på godt inneklima for å nemne noko. Autostore designar og produserer patenterte robotar, fleksible kubelagringsnett og kontrollprogramvare som gjer at kundane kan oppnå nesten fire gonger lagerbehaldninga i forhold til manuelle alternativ, og dermed få forbetra lagerkapasitet. Sommaren 2019 kjøpte det amerikanske fondet THL Partner Autostore for 16 milliardar. Oppkjøpsfondet EQT som selde aksjeposten vart sjølv sitjande igjen med 10 prosent eigarskap i selskapet.

Denne saken er hentet fra medvind24.no
Arbeidsmarked
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund