Over og ut for kraftverk i Svandalsfossen
10.02.2012
Avgjerda til olje- og energidepartementet er endeleg, og kan ikkje ankast.
Også Sauda-ordførar Frode Sulen og Sauda Vekst-sjef Inge Løyning er skuffa over avgjerda som nå set ein stoppar for utviklingsplanane i området.
Men hos Naturvernforbundet i Rogaland jublar dagleg leiar Erik Thoring.
– Eg er ikkje overraska. Derimot synest eg at det er tillitsvekkande at NVE gjer eit grundig og skikkeleg arbeid i desse sakene, seier han og oppmodar Sauda til å heisa flagget.