Pila peker i riktig retning
30.06.2017
– Det er svært gledeleg å sjå at den positive trenden vi har sett dei siste månadane fortset og blir sterkare, seier Truls Nordahl, direktør i NAV Rogaland.
9 535 personar er heilt arbeidslause ved utgangen av juni. Dette er ein nedgang på 16 prosent samanlikna med same månad i 2016. 2 309 personar var i eit arbeidsretta tiltak. Dette gir ei bruttoarbeidsløyse** på 11 844 personar, tilsvarande 4,6 prosent av arbeidsstyrka.
I Rogaland fall bruttoarbeidsløysa** med 8 prosent samanlikna med same periode i fjor. I Noreg fall bruttoarbeidsløysa** med 7 prosent. Rogaland har framleis høgast arbeidsløyse i landet, og til tross for at arbeidsløysa er på veg nedover er langtidsarbeidsløysa og arbeidsløysa blant unge store utfordringar for fylket.
Nedgang i arbeidsløysa i dei fleste yrkesgrupper Det er nedgang i arbeidsløysa i alle yrkesgrupper i juni, med unntak av leiarar, undervisning og i akademiske yrke. Størst nedgang har bygg- og anleggbransjen, industriarbeid og ingeniør- og ikt samanlikna med same periode i fjor.
Kommunevise forskjellar Sola kommune har den høgaste arbeidsløysa i fylket, med ei bruttoarbeidsløyse** på 5,7 prosent. Sandnes, Stavanger og Eigersund har ei bruttoarbeidsløyse** på høvesvis 5,4, 5,3 og 5,2 prosent. Lågast bruttoarbeidsløyse** har Suldal med 1,0 prosent.
1 602 ledige stillingar
Det vart registrert 1 602 ledige stillingar i Rogaland i juni. Flest ledige vart lyst ut innan helse, pleie og omsorg (440), bygg- og anlegg (229) og undervisning (198). – Stillingstilgangen ser ut til å halde stand så det kan være lurt å nytta sommaren til å søkje jobb sjølv om aktiviteten frå arbeidsgivarar og arbeidssøkjarar generelt er lågare enn elles i året, seier Nordahl.
Arbeidsmarknaden i Rogaland juni 2017 samanlikna med juni 2016:
Nøkkeltal | Juni 2016 | Juni 2017 |
Heilt utan arbeid 16 – 67 år | 11 288 (4,3%) | 9 535 (3,7%) |
Arbeidsretta tiltak | 1 542 (0,6%) | 2 309 (0,9%) |
Bruttoarbeidsløyse** | 12 830 (4,9%) | 11 844 (4,6%) |
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år | 3 061 | 2 453 |
Langtids-arbeidssøkjarar (26 veker eller meir) | 5 854 | 5 817 |
Delvis ledige | 4 434 (1,7%) | 4 271 (1,7%) |
Utlyste stillingar | 1 585 | 1 602 |