Planlegger fabrikk på Husøy
14.03.2016
Nergård-konsernet starta nyleg ny mjøl- og oljefabrikk i Måløy. No er dei komne langt med prosjekteringa av enda slik fabrikk, som kan komme på Karmøy i Rogaland.
– Dette er ei sak vi har jobba mykje med, men vi veit enda ikkje om planane let seg realisere. Framleis står det mykje arbeid igjen før vi kan seie noko sikkert i så måte, seier dagleg leiar Tommy Torvanger til Nett.no.
Etter tidsplanen i prospektet for den nye fabrikksatsinga, skulle det i slutten av mars vere klart for endeleg styrebeslutting om bygging og bestilling av ny fabrikk med ferdigstilling på våren neste år.

– Så langt er vi enda ikkje komne, slår Torvanger fast.
Ifylgje Torvanger er realitetane i prosjektet at Nergård ser på mulegheitene for å sette opp ein ny fabrikk på Karmøy som også skal kombinerast med mottak av kvitfisk til konsum.
Les mer her:
http://sysla.no/2016/03/14/havbruk/lokale-fiskarar-vil-ga-inn-med-pengar-i-ny-sildeolje-fabrikk_82057/