Reddar truleg arbeidsplassane

26.11.2012
Alle dei 110 utflaggingstruga arbeidsplassane ved Wärtsilä på Bømlo er truleg berga.
Den tradisjonsrike produksjonen av skipspropellar og gir kan gå mot slutten, men arbeidsplassane på Rubbestadneset på Bømlo er sikra, skriv Bergens Tidende.

Fredag ettermiddag fekk dei tilsette gladmeldinga om at gir- og propellavdelinga blir vidareført i eit nytt, lokalt selskap med rundt 90 arbeidsplassar.
Det var 1. november at det finske Wärtsilä- konsernet, som overtok motorfabrikken på Rubbestadneset i 1986, varsla at gir- og propellproduksjonen der skulle leggjast ned til fordel for innkjøp frå underleverandørar og testing og samanstilling ved selskapets avdelingar i Italia og Kina.

- Dette er som julafta, vi er veldig letta og glade, seier John Bjørn Mikalsen, leiar for Fellesforbundets medlemmer i Wärtsilä.

- Vi ser ei veldig god framtid for det nye selskapet, med bakgrunn i utsiktene innan olje- og gassverksemda. Wärtsilä har lova å henta leveransar hos den nye verksemda, som enno ikkje har fått noko namn. Nokre stillingar er framleis i fare, men eg reknar med at det ved hjelp av omplasseringar og andre ordningar vil lata seg gjera å hindra oppseiingar på Bømlo, seier John Bjørn Mikalsen.

Tore Kallevåg, avdelingsdirektør ved Wärtsilä, blir leiar for den nye verksemda, og dessutan ein av fem aksjonærar som alle i dag er knytt til Wärstilä.

Les heile saka her: http://www.bt.no/nyheter/okonomi/Overtar-sjolv-og-unngar-utflagging-2802202.html
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund