Redusert gasstransport

12.01.2012
Norsk eksport av gass gjennom røyr til Europa blei redusert i fjor med tre milliardar kubikkmeter samanlikna med året før. Gassco-sjef Brian Bjordal er ikkje bekymra.
 

Dermed blir det samla volumet summert til 94,2 milliardar kubikkmeter frå norsk sokkel til mottaksterminalar i Tyskland, Belgia, Frankrike og Storbritannia, skriv aftenbladet.no.

Dette er likevel ei kolossal energimengd . 94,2 milliardar kubikkmeter gass tilsvarar 1099 twh elektrisk strøm. Dette er ca åtte gonger så mykje som heile den norske strømproduksjonen basert på vasskraft gjennom eit heilt år.

Lang vekst

- Ein nedgang på vel tre prosent i norsk gasseksport gjennom røyr er likevel ingen dramatisk reduksjon, seier administrerande direktør i Gassco, Brian Bjordal.

Han peikar på at norsk gassproduksjon nå er komen opp på eit slags platånivå. Dei siste ti åra har norsk eksport auka med 80 prosent.

Få nye felt

- Me har vore vane med sterk auke i eksportert volum frå år til år ettersom nye store felt er sett i produksjon. I 2011 kom ingen nye store felt i full produksjon. Gjøa-feltet hadde visse startvanskar medan Skarv-produksjonen er utsett. Troll-feltet hadde omfattande revisjonsstans. Dertil er gasseksporten påverka av temperaturtilhøva i kjøparlanda i Europa og av den generelle økonomiske stoda, seier Bjordal.

 Les meir her:

http://www.aftenbladet.no/energi/olje/Kutt-i-norsk-gasseksport-2917127.html

Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund