Satsar tungt i Afrika

29.01.2018
Den globale Stord-verksemda på Eldøyane har skaffa seg arbeid i Afrika til verdiar på eit tresifra millionbeløp.
2017 var eit svært positivt år for Advantec på Eldøyane. Verksemda landa ei rekkje nye kontraktar i Afrika, som no har skapt optimisme i selskapet som for nokre år sidan vart hardt råka av oljenedturen, skriv Stord24.

Kontraktane som fordeler seg på landa Nigeria, Mosambik og Egypt er nokre av dei største i selskapet si 12 år lange historie.

– Me snakkar om betydelege verdiar. I sum så snakkar me om eit tresifra millionbeløp. Ein av desse kontraktane er nok den største me nokon gong har landa, fortel administrerande direktør Magnar Aaland.

Lang varigheit


Ein del av kontraktane skal leverast allereie i løpet av dette året, og i tillegg er det langvarig ettersal som går på servise av systema ute i verda. I tillegg har dei ein større leveranse i Ghana, samt eit brønnsysteme som skal leigast ut til India.

– Me designar og bygger integrerte system som ei leveranse og deretter følgjer ein viktig servicefase som skal gå over lang tid, slik at me er med kunden gjennom hele livsløpet på systemane våre. Med andre ord me er ikkje ferdig med leveransen når den går ut av døra her.

Sjølv med store kontraktar friskt i minne trur Aaland på å fylle opp ordrebøkene endå meir i løpet av kort tid.

– Me har òg eit betydeleg tilbodsvolum som ikkje er tildelt slik at me kan auke kapasiteten vår. Me har kapasitet for meir, seier Aaland, som ventar avklaring på fleire nye kontraktar i årets første halvår, og allereie ein no i første kvartal.

Tidlegare tilsette kjem tilbake


Optimismen fører også til at bedrifta kan ta inn igjen tilsette som måtte gå i krisetidene for nokre år sidan.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund