Sikra seg stor(d)kontrakt

23.01.2020
Slik vil helseparken bli sjåande ut. Høghuset til venstre vil ikkje vere ein del av dette byggetrinnet. Skisse: MAD arkitektur
Ove Nedrebø og Veidekke skal bygge helsepark til 100 millionar i Sunnhordland

Stord Helsepark teikna tysdag kontrakt med Veidekke for storprosjektet i Borggata, som omfattar ein bygningsmasse på 9000 kvadratmeter, skriv stord24.no


Det er ikkje mange vekene igjen før Veidekke startar med rivingsarbeidet i Borggata. Sjølv om entreprenøren har vore inne som rådgjevar i lengre tid, blei ikkje hovudkontrakten for totalentreprisen signert før tysdag.

– Me har valt Veidekke, då dei har vore med oss i heile prosessen. Dei bygde også Meierikvarteret og me hadde gode erfaringar med dei. Difor såg me på å utvikle dette prosjektet saman med dei, seier Kurt Arne Tyse.

Stord-investoren, som saman med Thore Liverød står bak Stord Helsepark, held ikkje tilbake på adjektiva når han skal skildre kor bra det blir når prosjektet står ferdig våren 2021.

– Me meiner dette er starten på ei ny tid for Leirvik sentrum. Helseparken vil romme mellom 100 og 150 tilsette, og vil generere mellom 500 og 700 besøkjande kvar einaste dag i sentrum. Me har trua på at dette vil skape eit pulserande liv i byen, og danne grunnlag for andre som vil etablere anna verksemd, seier Tyse.

40 prosent er allereie utleigd


Dagleg leiar i Stord Helsepark, Åsa Eldøy, fortel at interessen for å etablere seg i bygget har overgått forventningane.

– Me vil ikkje gå ut med namna på leigetakarane enno, men me kan seie at rundt 40 prosent av lokala allereie er leigd ut. Det er me strålande nøgde med.

– Her skal me samle det leiande helsemiljøet i regionen. Det er ei spennande tanke i seg sjølv, seier Eldøy.

 

 



Frå markeringa: Arve Hindenes (Veidekke), Dirk Schirrmeister (Veidekke), Kurt Arne Tyse (Stord Helsepark), Ove Nedrebø (Veidekke), Åsa Eldøy (Stord Helsepark) og Kjell Framnes (innleigd byggherrerepresentant). Foto: Jonas Sætre/Stord24
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund