SIM seld til svensk selskap

06.10.2014
SIM Næring AS og dotterselskapet SIM Tankrenovasjon AS er selde til det svenske avfallsselskapet Ragn-Sells AS.
SIM Næring AS og dotterselskapet SIM Tankrenovasjon AS er selde til det svenske avfallsselskapet Ragn-Sells AS. Salet vart vedteke på styremøte i SIM 11. juli 2014 og gjeld frå 1. oktober.

- Dette er eit sal me seier oss godt nøgde med. Dei nye eigarane har lange tradisjonar i bransjen og me trur dei vil halda fram med å skapa ein god arbeidsplass for dei tilsette. I tillegg vil det framleis bli oppretthalde konkurranse i marknaden. Eit moment som er svært viktig for SIM, seier styreleiar, Reidunn Aasheim til si eiga nettside.

Det var fleire interessentar då selskapet vart lagt ut for sal, men Ragn-Sells hadde det heilskapleg beste tilbodet.

Ragn-Sells AS seier i ein kommentar at dei er godt nøgde med avtalen ein har fått med SIM om overtaking av SIM Næring AS og SIM Tankrenovasjon AS.

- Dette er verksemder som har ein sterk posisjon i sitt marknadsområde, og som no på ein god måte vil binde saman våre eksisterande verksemder i Bergen, Stavanger og Voss. Me har stor tru på ein sterk industriell utvikling i regionen, òg sett i lys av den framtidige utbygginga av E-39, mellom Stavanger og Bergen. Ragn-Sells har tradisjon for å tenkje langsiktig når det gjeld etablering og utvikling av vår verksemd. Dette oppkjøpet er strategisk viktig i ein langsiktig utvikling for Ragn-Sells på Vestlandet seier adm. dir Bjørn Hoel.

Ragn Sells AS vart etablert i  1881, og er i dag eit tredjegenerasjons familieselskap. Selskapet har kontor i Sverige, Noreg, Danmark, Estland, Latvia og Polen. Totalt omsette konsernet for over 4 mrd. i 2013, og selskapet har 2 278 tilsette.  I Noreg starta verksemda opp i 1989, i 2013 er talet på tilsette 313, og selskapet omsette for om lag 1 mrd.

Representantskapet i SIM vedtok på møte i april at det vil bli oppretta eit miljøfond for midlane ein får etter salet. På den måten ynskjer ein å sikra at både innbyggjarane og næringslivet i kommunane skal få nytte av midlane på ein mest mogeleg rettferdig og fornuftig måte. Representantskapet skal vedta retningsliner for fondet.

Deloitte AS har vore SIM sin rådgjevar i salsprosessen
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund