Skadefrie storbedrifter

22.12.2011
Hjørnesteinsbedriftene Kværner Stord og Sør-Norge Aluminium står hittil i år begge utan registrerte skader på sine vel 2000 tilsette.

- Vi ønskjer ikkje å rosemåla situasjonen, for det er lett å bli sjølvtilfreds. Men sett i eit 20-årsperspektiv har vi hatt ei god betring, seier administrerande direktør Lars Eide ved Kværner Stord til bt.no.




Ved bedriftsporten lyser HMS-tavla som viser at over 420 dagar har gått sidan sist fråversskade på Aker Kværner. Trass i opptil 1200 gjestearbeidarar under arbeidet med BPs "Skarv"-fartøy i vår og sommar, ligg verftet an til ny rekord med eit heilt kalenderår utan skadefråvere.

Frå toppåret 1990 med 32,6 fråversskader pr. million arbeidstimar har Kværner Stord jobba seg systematisk nedover på HMS (helse-, miljø- og sikkerhet)- statistikkane. Siste dødsulukka ved verftet var i 2005 då ein tilsett hos ein underleverandør omkom i ei klemulukke.

- Tek vare på kvarandre
- Kundane våre har i lang tid vore opptekne av å evaluera oss på grunnlag av HMS, for slik å finna ut om vi er ei bedrift som tek vare på dei tilsette. Eg meiner våre gode resultat dei siste åra er knytt til dei personlege relasjonane i staben. Det er etablert ein kultur der ein tek vare på kvarandre, seier direktør Eide.

- I tillegg til å disponera ei kompetent HMS-avdeling, inkludert bedriftshelseteneste, går vi årleg inn og systematiserer tusenvis av notat om uønskte hendingar som kunne ført til skade. Vi rapporterer alle medisinske behandlingsskader og fråversskader. I år har vi registrert fire såkalla raude hendingar, tilløp som kunne ført til alvorlege ulukker. Både raude og gule hendingar blir analysert grundig, og munnar ut i forbetringstiltak, forklarar Kværner Stord-sjef Lars Eide.

Les meir her:
http://www.bt.no/nyheter/innenriks/Skadefrie-gjennom-2011-2629265.html
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund