Slutt for Kværner på Stord

11.11.2020
Kværner blir Aker Solutions, men navnet vil leve videre..
25. september i år blei Kværner ASA på ekstraordinær generalforsamling fusjonert inn i Aker Solutions ASA. Mandag førstkomande vil det nye flagget bli heist på verftet på Stord, og dermed er Kværner-navnet formelt sett avvikla på industriøya.

Men førebels vil dei tilsette merka lite til samanslåinga av dei to oljegigantane, seier kommunikasjonssjef i Kværner, Torbjørn Andersen til Stord24.no

– Frå måndag så vil det vera den første dagen de tilsette ser at no jobbar me som ein organisasjon.

– Korleis er det å ikkje lenger jobba i Kværner?

– Me sa i sommar at me er to konsern som har ein lang historie med å stadig tilpassa oss til nye moglegheiter, og at dette er eit viktig nytt steg i den retninga.

Skal heisa flagget


Kværner kjem til å kalla inn til ein seremoni ved verftet på Stord førstkomande måndag, i samband med fusjonen.

Kommunikasjonssjef ved Kværner på Stord, Odd Naustdal, seier Kværner-namnet likevel vil henga att ei god stund til.

– Kværner-namnet skal vera med oss på eit vis framover, og me kjem nok til å bli branda med Aker Solutions etter kvart. Men litt av kostnadsomsyn så stressar me ikkje med å byta ut, og tar ting litt etter kvart. På måndag skal me iallfall heisa Aker Solutions-flagget.

Kværner er en totalleverandør av prosjekt, og  leverer ingeniørtenester og fabrikasjonstjenester (EPC) til avanserte offshore og landbaserte anlegg. Konsernet har  kontor i sju land og cirka 2 800 ansatte.

 
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund