Snart braker det løs i Førre
11.09.2014
I dag, torsdag 11. september, blir kontrakten på utbetring av krysset mellom E134 og fylkesveg 771 ved Førrestjørn i Tysvær kommune underteikna.
Vassbakk & Stol AS hadde lågast pris med 78,7 millionar kroner. Dei to andre tilbydarane var Bertelsen & Garpestad AS med 82,7 millionar krone og Risa AS med 85,5 millionar kroner. Alle prisane er eksklusiv moms.
– Vi reknar med å vere i gang med arbeidet seint i haust, seier prosjektleiar Einar Færaas i Statens vegvesen.
Målet med prosjektet er å bygge om krysset mellom E134 og fylkesveg 771 til eit planfritt kryss. Det kjem ei fylling i Førrestjørna der nytt påkjøringsfelt til E134 for austgåande trafikk blir lagt.
Statens vegvesen bygger eit nytt kryss på toppen av Førresbrekka og ny veg ut og inn av E134. Denne delen av arbeidet blir tatt først for å lette omkøyringane som kjem seinare.
I samband med bygging av det nye krysset må Førrestunnelen utvidast for å betre sikten for dei som køyrer austover. E134 og Førrestunnelen blir dermed stengt i fire til seks månadar frå mars¬/april neste år.
For bussar og personbilar blir det omkøyring via Førresbrekka, medan tungtrafikk må køyre via Sveio eller T-forbindelsen.
Statens vegvesen er opptekne av at bebuarar i området skal kjenne seg trygge i anleggsperioden.
– Vi arrangerer informasjonsmøte den 25. september. Møtet er på Førre skule i Tysvær kommune frå kl. 1800, fortel Einar Færaas.
I samband med stenginga av tunnelen arrangerer også Statens vegvesen eit møte med transportnæringa, politi, brannvesenet og ambulansetenesta.
Prosjektet er ein del av Haugalandspakken.