Spinndyrt- men Rogfast kommer
- Me er nødt til å sjå på praksisen med å byggja undersjøiske tunnelar over alt, sa prosjektleiaren for Ferjefri E 39 Olav Ellevset til ei forsamling av tungvektarar innan vegbransjen nasjonalt og internasjonalt i Bergen før helga.
Det er dei store vedlikehaldskostnadene med undersjøiske tunnelar som har fått vegvesenet på nye tankar. Ellevset brukar overfor Aftenbladet det undersjøiske tunnelsambandet Krifast, som bind Kristiansund og Frei til fastlandet, som døme.
- Oppgraderinga av det sambandet kostar like mykje som det kosta å byggja tunnelen, seier Ellevset, som legg til at tunnelbygging generelt har kome i eit nytt lys.
- Det er eit trendskifte. Mange stader må det byggjast ny tunnel ved sida av den gamle, fordi dette er einaste ferdselsvegen og det difor er umulig å halda han stengt den tida opprustinga treng. Då seier det seg sjølv at dette blir dyrt, seier Ellevset.
Men sjølv om Vegstyresmaktene nå vil tenkja seg om før dei går for for nye tunnelprosjekt under havbotnen, så vil ikkje Ellevset skrinleggja korkje Ryfast eller Rogfast. Begge dei to prosjekta er planlagde som undersjøiske tunnelar, og Rogfast blir både verdast lengste og djupaste.
- De eg snakkar om er korleis me skal byggja i framtida. Me kan ikkje stoppa alle prosjekt i påvente av at teknologien skal utvikla seg, fastslår Olav Ellevset
Les meir her: