Spleiselag for nye ingeniører

12.12.2011
Eit spleiselag mellom Hordaland fylkeskommune og fire Stord-bedrifter skal bøte på ingeniørmangelen i Sunnhordland.

– Eg treng meir utdanning for å gjere jobben, seier Oddgeir Hjertenes. Han er tilsett i Kværner Stord, har fagbrev i elektro, men vil bli ingeniør.

Han er ein av 35 tilsette i fire Stord-bedrifter som har starta på ingeniørutdanning kombinert med jobb.
– Dette er eit svært bra tilbod. Det er for godt til å takke nei til. Eg får løn og fri frå jobben mens eg studerer. Men det er og eit godt tilbod for bedriftene. Utdanninga er svært relevant for meg. Vi får gode stillingar i Kværner med teknisk fagskule over to år, men eg kan studere i to år til og bli ingeniør, seier Oddgeir Hjertenes.

Rett måte å gjere det på
Elisabeth Siggervåg, ved Wärtsilä Stord, har og satsa på utdanningstilbodet.
– Eg har eksamen i automatisering og byggjer fjernstyringssystem til skip. Teikningane får eg frå ingeniørar, men det kunne vere greitt for meg å bli ingeniør og gjere jobben sjølv. Dette er rett måte å gjere det på når det er mangel på ingeniørar, seier Elisabeth Siggervåg.

Stort behov for ingeniørar
Initiativet til utdanninga kom frå dei fire bedriftene Kværner Stord, Wärtsilä Norway, Apply Leirvik og Advantec. Dei har 2500 tilsette og har behov for 100 nye ingeniørar årleg og er engasjert i bygging av skip, stålkonstruksjonar og offshoreinstallasjonar. For heile landet har Statistisk sentralbyrå kalkulert ingeniørmangelen til 7400.

– Bedriftene oppnemnde ein talsmann i vår som spurde om å få til fagskuleutdanning av fagteknikarar med høve til påbygging til ingeniør. Vi fekk til eit samarbeid om dette, og fylkeskommunen løyvde pengar, seier rektor Torbjørn Tvedt ved Bergen tekniske fagskole.

Les mer her:
http://www.hordaland.no/Aktuelt/Nyhende/Unikt-spleiselag-for-ingeniorar-i-Sunnhordland/
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund