Startar bygginga i sommar
24.06.2013
Prosjektet inneber bygging av 2,8 kilometer ny veg utanom Skjold, inkludert to tunnelar. Karmøy-bedrifta var billigast med eit bod 321 millionar kroner som blei gitt i konkurranse med tre andre entreprenørar.
Prosjektet omfattar bygging av totalt 2,8 kilometer ny veg utanom busetninga i Skjold. I dag har deler av vegen 40 km/t på grunn av kurvatur, tryggleik, miljø og fordi den vert nytta som skuleveg.
Vegen blir no lagt over i ein ny trasé mellom kyrkja i Skjoldavik og fram til Solheimskrysset. På det viset blir strekninga meir effektiv for dei som reiser gjennom, og tryggare for dei fastbuande i Skjold.
Les heile saka her: http://grannar.no/2013/06/byggestart-i-sommar/