Sterkest ledighetsvekst i sør

04.05.2015
Arbeidsledigheten i Rogaland er større en landsgjennomsnittet og vokser mest i sørfylket
– Arbeidsløysa stig, og me forventar at fleire vil oppleva å mista jobben i tida framover. Eg er difor svært spent på kva signal me får frå bedriftsundersøkinga som vert lagt fram tysdag morgon, melder Truls Nordahl, direktør i Nav Rogaland.

Arbeidsløysa i Rogaland er no høgare enn landsgjennomsnittet, som i april held seg på 3,0 prosent.

3019 fleire har blitt heilt arbeidslause i Rogaland på eitt år

Ved utgangen av april står 8160 personar i Rogaland heilt utan arbeid. 3063 av desse er kvinner, medan 5097 er menn.

Det er blant menn i alle aldersgrupper at arbeidsløysa har auka mest og det er blant menn i alderen 20 – 29 år at andelen arbeidslause er høgast, heiter det i siste meldinga frå Nav Rogaland.

Strand, Haugesund og Sandnes er kommunane med høgast arbeidsløyse i april, med høvesvis 4,4 prosent 4,3 prosent, og 3,8 prosent av arbeidsstyrka. – Veksten i arbeidsløysa er sterkast sør for Boknafjorden, seier Truls Nordahl.

Arbeidsløysa aukar i alle yrkesgrupper, men det er flest arbeidslause innan bygg- og anlegg (1326 personar), industriarbeid (1358 personar) og innan ingeniør- og ikt-fag (991 personar).

Les meir her:

http://www.aftenbladet.no/nyheter/okonomi/Arbeidsloysa-er-3_2-prosent-i-Rogaland-3688753.html
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund