Stord-selskap får storkontrakt

29.04.2019
Arne Stenersen og framgangsrike Salt Ship Design gjer det skarpt innan skipsdesign
Aldri før har Salt Ship Design fått ein kontrakt av eit slikt format
Equinor gjorde eit stort oljefunn i Bay du Nord-feltet utanfor kysten av New Foundland i Canada i 2013. Førebelse berekningar syner eit oljefunn på over 300 millionar oljefat.

No har planane kome eit godt stykke vidare. I følgje E24 startar vil produksjonen truleg starte i 2025.

Bransjeavisa Upstream melder no at Equinor har tildelt kontrakt til Stord-selskapet Salt Ship Design for å designe skroget på det flytande produksjonsskipet.

– Her er me bunden av konfidansialitet, og eg har ikkje lov til å prate om dette. Men eg kan stadfeste at me gjer eit konseptstudie for Equinor for dette prosjektet, seier dagleg leiar Arne Stenersen i Salt Ship Design til Stord24.

Stenersen hinta om storkontrakten allereie på Stord-konferansen i fjor, då han nevnte at det var interessant å jobbe vidare med ein studie i Canada.

I følgje Upstream er Salt Ship Design det einaste selskapet som er involvert i den såkalla FEED-studien (front end engineering design) for skroget.

Det er første gong Salt Ship Design har fått ein kontrakt på eit skip av eit slikt format.Kanadiske styresmakter har rekna at utbygginga i Bay du Nord vil koste om lag 42 milliardar kroner

.

Salt Ship Design skal designe skroget på eit flytande produksjonsskip i Canada. Her frå eit tilsvarande skip frå det kanadiske oljeselskapet Husky Energy. Foto: Equinor

 

 
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund