Storkontrakt til Vassbakk & Stol

09.06.2020
Karmøyselskapet Vassbakk & Stol har fått stor rassikringsjobb i Kvinnherad
Vassbakk & Stol har fått arbeidet med rassikring i Kvinnherad- eit prosjektet med ei totalramme på 450 millionar kroner.

Det skriv Vestland fylkeskommune på si nettside. 

Prosjektet er ein del av Kvinnheradpakka og gjeld arbeid med rassikring og vegutbetring på fylkesveg 500 mellom Austrepollen og Årsnes.

Prosjektet blei lyst ut på konkurranse i fjor, og prosjektleiar Kathrine Løno Lahlum er nøgd med valet.

– Det har vore veldig god kvalitet på bidraga til alle dei tre tilbydarane som var med i tilbodsfasen. Dialogfasen har vore veldig lærerik og nyttig. Dei to andre tilbydarane som var Bertelsen og Garpestad og Kruse Smith har vist fram gode kvalitetar, men til slutt så var det Vassbakk & Stol som leverte tilbodet med det beste forholdet mellom pris og kvalitet, seier ho.

 
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund