Størst i Norge på betongbrygger
16.01.2014
Omsetnaden i fjor var på omlag 60 millionar kroner, ei dobling frå 2009. Etne Betong AS med søsterselskapet Etnebrygga AS held til på eit 16 dekar stort område på industriområdet på Tongane i Etne.
— Men dette har ikkje gjort seg sjølv, seier dagleg leiar Erik Gravelseter, som deler industrieventyret med kona Toril og dyktige medarbeidarar.
I dag har bedrifta 25 tilsette, pluss nokre fleire i travle tider. Dei fleste av dei tilsette i produksjonen, er frå Polen.
Det var i 1984 Etne Betong begynte å produsere brygger. 20 år seinare kunne dei flytte inn i ny moderne produksjonshall, og all bryggeproduksjon vart flytta dit. Produksjonshallen vart utvida i 2010 og er i dag på 1.800 kvadratmeter.
Investeringane dei siste ti åra ligg på rundt 25 millionar kroner.
Les mer her:
http://grannar.no/2014/01/brygge-medvind/
http://www.etnebetong.no/om-oss/