Stort entreprenørselskap over ende
18.04.2012
Selskapet har for tida oppdrag rundt om i heile landet; i Nordhordland, på Kårstø på Austlandet – og i Kvinnherad. Over alt blir desse arbeida no innstilte inntil vidare, til dess situasjonen blir meir avklart og nye eigarar eventuelt overtar.
Eit av oppdraga som blir mellombels stoppa er kulturskulebygget på Husnes. Her hadde Byggekompaniet AS kontrakten på arkitektfaga (trearbeid, maling, golv, glaskarmar og dørar), men hadde sett oppdraget vekk til Kvinnherad Bygg AS. Korleis dette oppdraget blir løyst vil bli avklart i forhandlingar mellom bustyret, kommunen og utførande bedrift.
Under møtet i kveld har advokat Handeland fått eit godt innblikk i den reelle situasjonen for Byggekompaniet AS. Det er blant anna opplyst at selskapet ved konkursopninga har ei gjeld på 38,5 millionar kroner, i hovudsak til bank og ulike kreditorar.
Samtidig er det registrert eignalutar for rundt 34 millionar kroner. Det er maskinar og utstyr, bilar og andre bokførte verdiar. Men kor mykje dette er verdt i buet, er vanskeleg å vita eksakt.
Les mer her:
http://husnesnett.no/no/nyhende/2320/