Studenter i fleng
15.08.2012
– Det er ei samla auke på fire prosent samanlikna med året før. Dei gode søkjartala på ingeniør slo og godt ut for HSH.
– Her har me ei fin auke samanlinka med fjorårets oppmøtetal, seier studiesjef Gro Nesheim i HSH. - Me kjem nok opp i mot 700 nye studentar i år, slik som me forventa.
Tala vil justere seg litt i dagane som kjem. Me vil supplere nokre studium frå ventelistene, opplyser studiesjef Nesheim til HSHs nettavis. -
I tillegg gler me oss til å ta i mot studentar som skal byrja på masterutdanningane, praktisk pedagogisk utdanning, enkeltemne og etter- og vidareutdanningane våre i vekene som kjem, seier Gro Nesheim.