Styrker det maritime samarbeidet
13.03.2013
•Praksisprosjekt: Eit prosjekt som skal sjå på kva slags moglegheiter det er for integrert praksis i nautiske utdanningar.
Prosjektet er i år tildelt kroner 200 000, og planen er at dette er eit stort prosjekt som kjem til å gå over fleire år.
•E-læringsprosjekt: Eit forprosjekt som skal sjå på E-læring og samarbeid mellom norske maritime utdanningar.
Til dømes å bruke E-læring i fag kor det kan vere vanskeleg å få tak i førelesarar. Prosjektet er i år tildelt kroner 200 000.
•Læremiddelprosjekt: Eit pilotprosjekt på pensumutvikling som skal utvikle lærebok i sjørettsfag/befraktning.
Prosjektet er eit samarbeid mellom HSH og Høgskolen i Vestfold. Prosjektet er i år tildelt kroner 500 000, og dersom piloten er vellukka kjem prosjektet til å bli vidareført med utvikling av pensum i fleire nautiske fag.
Langsiktig
- MARKOM 2020 er eit spennande prosjekt som famnar breitt. Nokre prosjekt går over fleire år, slik som kompetansebygging, rekruttering, utvikling av studiekvalitet og det å bygge fleire utdanningslaup som til dømes masterutdanningar og overgang frå fagskule til bachelor.
- Dei tre nye prosjekta som me no går i gong med er prosjekt som skal støtte opp om dei langsiktige satsingane og måla våre, seier studieleiar for nautikk i HSH, Johanne Marie Trovåg.
Les meir her: http://www.hsh.no/nyheter/2013030000002259