Vil ha nytt utebasseng i Sauda

28.06.2011
Sauda kan få et nytt utebasseng for 15-20 millioner kroner. Ikke der det gamle har vært, men i tilknytning til bassenget i Sauda-hallen.

– Me kjem langt med 15-20 millionar kroner. Men det går også an å ta det trinnvis eller gjera ei mindre utbygging, seier Inge Løyning, dagleg leiar i Sauda Vekst og medlem i prosjektgruppa som det siste halve året har jobba med ny utebassengløysing, skriv ryfylke.no.

Prosjektgruppa har bestått av representantar frå kommunen, idrettslaget og Sauda Vekst, og er nå ferdig med forprosjektet, som har kosta 100 000 kroner, finansiert av AGA-midlar via Sauda Vekst.

Gruppa ser det ikkje som eit reelt alternativ å rusta opp eller bygga nytt bassenganlegg på tomta der dagens nedlagte utebasseng ligg. Dei ser derimot heller føre seg gode muligheter for å bygga eit nytt, moderne og barnevenleg utandørs badeanlegg i tilknyting til dagens bassengfasilitetar i Saudahallen.

I forslaget frå prosjektgruppa kan veggen mot Birkelunden opnast og bli erstatta med ein glasvegg. Tanken er at ein skal kunna svømma mellom det innandørs badeanlegget og dei utandørs bassengfasilitetane - året rundt.

– Ute vil me ha eit område med ”vannleik”, eit ”minibadeland”, om du vil, seier Harald Halvorsen Løland, som har vore leiar i prosjektgruppa.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund