Liten endring i kjønnsmønsteret
06.06.2013
I allmennaksjeselskapa (ASA) er det høgast del kvinner i styra innanfor overnattings- og serveringsverksemd med 50 prosent samt transport og lagring med 43 prosent av styrerepresentantane.
72 prosent av aksjeselskapa har berre mannlege styrerepresentantar. Dess større styret er, dess høgare er delen føretak som har både menn og kvinner i styret.
Fleire kvinner har høgare utdanning
I allmennaksjeselskap har 71 prosent av kvinnene i styra utdanning utover vidaregåande skule. Tilsvarande tal for menn er 63 prosent.
I aksjeselskap ligg delen kvinner som har tatt utdanning ved høgskolar eller universitet, på 49 prosent, som er 22 prosentpoeng lågare enn i allmennaksjeselskap.
Dei fleste med eitt styreverv
To av tre styrerepresentantar har eitt styreverv, medan ein av fire har to eller tre. 96 prosent av kvinnene og 88 prosent av mennene har opptil tre styreverv.
Drygt 900 menn har fleire enn 20 styreverv, noko som svarar til 0,5 prosent av alle mannlege styrerepresentantar.