AF Decom utvider i Vats

13.02.2012


AF-gruppa vil utvida verksemda si i Vats. I tillegg til opphogging av utrangerte installasjonar skal AF tilby service og vedlikehald på boreskip og riggar.








I slutten av mars kjem eit boreskip inn til AF Decoms djupvasskai på Raunes i Vats for skifta ut ventilen som skal hindra utblåsing. (Blow-out-preventer). - Me lyser nå ut stilling for leiande fagpersonell, som skal starta opp og driva fram utviklinga av denne verksemda, seier Bengt Hildisch sjef for offshoredelen i AF-Decomtil aftenbladet.no

Hildisch seier vidare at boreaktiviteten på norsk sokkel aukar sterkt. - Dermed vil etterspurnaden etter service- og vedlikehaldstenester også auka framover. Dessutan har med særs gode tilhøve ved anlegget vårt i Vats med lang djupvasskai og godt med areal innafor kailinja. Riggoppdraga kan gå parallelt med oppdeling av utrangerte olje- og gassinstallasjonar på Raunes-basen. Denne verkseda er dessutan prega av sesongsvingingar, seier Hildisch.

I AF sin regi

Ved juletider blei AF sin base og kai på Raunes ved Vatsfjorden leigd av Ølens-verftet Westcon til service og oppgradering av boreskipet "Ocean Rig Corcovado" - Det neste boreskipet som kjem inn til kai ved Raunes-basen skal oppgraderast i AF sin eigen regi, seier Bengt Hildisch.

Han legg til at i første om gang vil AF tilsetja nøkkelpersonell. Kor mange personar som blir knytt til den nye verksemda i framtida i Vats vil svinga med omgfanget av kvart einskild oppdrag, seier Bengt Hildisch.

Fagfolk

I dag har AF Decom 60 personar i arbeid med opphogging i Vats. Selskapet har kontraktar til og med 2014 for riving og fjerning av utrangerte olje- og gassinstallasjonar som skal fraktast inn til Vats for opphogging.

- Korleis skal de rekruttera fagfolk i ein særs stram arbeidsmarknad i Rogaland?

- Det kan bli ei utfordring. Men me håpar at fagfolk blir motiverte til å bli med på oppbygging av ein ny organisasjon, seier Hildisch.

 

Les meir her:

http://www.aftenbladet.no/energi/oljeservice/Nytt-riggverft-i-Vats-2929234.html

 

 
 
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund