Eventyrleg vekst og sjefsskfte
07.01.2013
Dei to selskapa har hatt ein omsetnad på 150 millionar kroner, ein auke på 60 millionar frå året før.
No planlegg dei vidare utvikling både av verkstadene og administrasjonsbygga for begge verksemdene, og planlegg å utvida staben med fleire enn 20 personar i løpet av 2013.
Dei vil då ha over 100 tilsette tilsaman, melder styreleiar i eigarselskapet Matre & co As, Rolf Haldorsen, i ei pressemelding.
Torleif Stokke har jobba mange år i Wärtsilä-systemet, og skifta frå stillinga som salssjef i Servogear til adm. dir. i same selskapet ved årsskiftet.
Han tok då over for Magne Møklebust (65) som har site ved roret i over 20 år.
– Det har vore eit krevjande, men svært gjevande år, og eg er glad for at me no har funne ein dyktig leiar som kan ta over Servogear, seier den avtroppande direktøren.
Servogear produserer framdriftssystem til snøggbåtar, både katamaranar og eitt-skrogsbåtar, i den internasjonale marknaden. Mykje av utstyret er spesialtilpassa, som gir, propellar og skrogtunnelar.
Systerverksemda Matre Maskin har spesialisert seg på avansert utstyr for brannsløkking, særleg system på helikopterdekk på oljeplattformer og større skip.
I tillegg utviklar dei og produserer kjølevasspumper for større dieselmotorar, og har mellom anna ei rammeavtale med Rolls Royce-fabrikken nord for Bergen.
Selskapet produserer også avanserte komponentar som blir brukt av olje- og gassindustrien på havbotnen.
Dei to verksemdene er eigde av Matre & Co, som i si tid også bygde opp Matre Instruments. Dette selskapet er no kjøpt opp av Siemens-konsernet.
Rolf Haldorsen i Matre & Co er svært godt nøgd med utviklinga på industriområdet Brubakken.
– Det er gjort mykje godt arbeid dei siste åra med å utvikla selskapa, særleg innan marknadsføring og sal. Dette viser att i omsetningstala for 2012, og i budsjettet for 2013, forklarar Haldorsen.
Servogear vil i nærare framtid investera 40-50 millionar kroner i ny produksjonshall og -utstyr, etter at dei har fått nye og moderne kontorlokale.
Også Matre Maskin skal utvida sitt produksjons- og testanlegg, og vil investera rundt ti millionar kroner. Men med auka omsetnad og aktivitet, melder også behovet for arbeidskraft seg.
Dei to systerbedriftene på Brubakken reknar med å tilsetja rundt 20 personar i løpet av 2013, og vil dermed bikka 100 tilsette.
– Me aukar staben på fleire område i begge selskapa, både CNC-operatørar, mekanikarar, servicepersonell for oppdrag ute hjå kundar over heile verda, ingeniørar og leiarar på ulike plan, fortel adm. dir. Torleiv Fylkesnes i Matre Maskin.