Førjulsgåve på 18.5 mill.

19.12.2011
Maritime CleanTech West har fått ei hyggeleg førjulsmelding! Innovasjon Norge har nemleg vedtatt å tildela 18,5 millionar kroner i tilskot til 7 av verksemdene i klynga.

Saman skal desse verksemdene delta i eit felles demonstrasjons- og utviklingsprosjekt for utvikling av lagringsteknologiar for elektrisk framdrift av skip i kystnære område. Dette er eit stort løft for klynga og for vår felles satsing på miljøteknologi innan maritim sektor, skriv Hege Økland, prosjektleiar Maritime CleanTech West.

Suksess i dette prosjektet kan innebera eit gjennombrot for bruk av lagra energi i framdrift av skip. Teknologien kan revolusjonera framdriftssystem i fartøy for kortare strekningar, kystnære område eller på innsjøar. Det vil gi store utslippsreduksjonar både lokalt og globalt viss dette vert tatt i bruk i større skala. Berekna reduksjon i utslepp pr år på testferja er 1000 tonn CO2 og 30 tonn NOx (rein elektrisk drift).

Det er Maritime Cleantech West som står bak prosjektet. De sju verksemdene er Wärtsilä Norway AS, SKL Nett AS, Apply Oil & Gas AS, Fjellstrand AS, Mecmar AS, Servogear AS og Tide Sjø AS. Å få realisert dette strategisk viktig prosjektet gjennom medfinansiering frå Innovasjon Norge, er svært viktig i arbeidet med å utvikla innovasjonssamarbeidet i klynga.

I første omgang skal det byggjast eit demonstrasjonsanlegg for batteridrift. Dei samarbeidande verksemdene har kvar sine ulike kompetanseområde som skal til for å skapa ein heilt ny og heilskapeleg innovasjonsløysing med tre hovudmål:
- energieffektivisering
- låg/null miljøutslepp
- lågast mogleg investeringskostnad (fartøy) og bedriftsøkonomisk lønsam levetidskalkyle

Dei mest aktuelle kundegruppene på kort- og mellomlang sikt for det reine elektrifiseringskonseptet, er kystnære skip, som ferjer, offshorefartøy og serviceskip for havbruk. Inkluderer ein hybrid-løysingar, er langt fleire skipstypar aktuelle, til dømes cruiseskip og handelsfraktefartøy. På lang sikt er det også ein målsetnad å utvikla konseptet også for "retro-fit", dvs. utskifting av anlegg på eksisterande fartøy med anløp i sensitive områder som byhamner.

Maritime CleanTech West har som målsetnad å få fram fleire innovasjons- og demonstrasjonsprosjekt, og Innovasjon Norge si miljøteknologiordning er innretta for å støtta denne type prosjekt.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

Haubo
A.Utvik as
SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Sysco
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Tveit
Hatteland