Sjukehussjefen går av
15.11.2011
Etter bortimot 4 år som administrerande direktør i Helse Fonna ønskjer Kari Ugland å konsentrera seg om samhandling mellom Helse Fonna og dei 19 kommunane, skriv Helse Fonna i ei pressemelding.
Kari Ugland har vore administrerande direktør i Helse Fonna sidan mars 2008.
– Arbeidsmengda har til tider vore svært stor, og det skal bli godt å kunne fokusere på eit litt meir avgrensa arbeidsområde framover, seier Kari Ugland.
Helseføretaket melder at samhandlingsreforma vil krevje utstrakt dialog og omfattande avklaringar mellom Helse Fonna og dei 19 kommunane. Samhandlingssjefen vil vere ein viktig bidragsytar for å lykkast med samhandlingsreforma.
– Styret har tatt Kari Ugland sine ønskjer til etterretning, og er godt nøgd med at Kari Ugland vil vere med på laget vidare og ønskjer å ta fatt på oppgåvene som samhandlingssjef i Helse Fonna, seier styreleiar Toralv Mikkelsen.