Startar bygginga i sommar

24.06.2013
Entreprenøren Vassbakk & Stol fra Karmøy skal bygga den nye E134-traseen i Skjold.
Måndag 24. juni signerer regionvegsjef Helge Eidsnes kontrakt med Vassbakk & Stol AS for bygging av E134 mellom Skjoldavik og Solheim, skriv Grannar.

Prosjektet inneber bygging av 2,8 kilometer ny veg utanom Skjold, inkludert to tunnelar. Karmøy-bedrifta var billigast med eit bod 321 millionar kroner som blei gitt i konkurranse med tre andre entreprenørar.

Prosjektet omfattar bygging av totalt 2,8 kilometer ny veg utanom busetninga i Skjold. I dag har deler av vegen 40 km/t på grunn av kurvatur, tryggleik, miljø og fordi den vert nytta som skuleveg.

Vegen blir no lagt over i ein ny trasé mellom kyrkja i Skjoldavik og fram til Solheimskrysset. På det viset blir strekninga meir effektiv for dei som reiser gjennom, og tryggare for dei fastbuande i Skjold.

Les heile saka her: http://grannar.no/2013/06/byggestart-i-sommar/
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund