- Sa ja, men ville sei nei

17.12.2019
Politikarane vil gje 18 millionar til utviding av ein flyplass som kan gi fleire flyreisande. – Eit dilemma, innrømmer MDGskommunestyrerepresentant John F. Tonnesen, som sjølv røysta for utbygginga. (Foto: Privat)
MDG vil ha flytrafikken ned. Men på Stord sa partiet ja til utbygging og meir trafikk
– Vi tenker heile tida på at vi må kutte utslepp, men næringslivet seier dei treng flyplassen. Så då får vi eit dilemma, seier kommunestyrerepresentant for MDG, John F. Tonnesen.

Miljøpartiet Dei Grøne har programfesta at flytrafikken ved flyplassen må ned. Men då saka var oppe i kommunestyret på Stord, sa dei likevel ja til utbygginga, skriv NRK.

Den vesle flyplassen på Stord ligg midt mellom dei langt meir travle lufthamnene i Bergen og Haugesund.

Herifrå går det fly til Oslo seks dagar i veka, og til Danmark om sommaren. I 2018 reiste 31.106 personar til og frå Gardermoen, ein auke på 45,8 prosent frå 2017.

Men kontrolltårnet er i dårleg forfatning, og flyplassen treng meir plass i terminalbygget til tryggleikskontrollen.

Sunnhordland lufthamn AS har difor bedt eigarane om 18 millionar til oppgradering av flyplassen.

Stord kommune, som eig 79 prosent, har allereie sagt ja til eit lån på dryge 14 millionar.

Vestland fylkeskommune er bedt om å stille opp med resten.

I sakspapira skriv fylkesrådmannen at det kan føre til meir flytrafikk og meir klimagassutslepp, men rår likevel politikarane til å sei ja til søknaden.



(Foto: Stord Lufthavn)
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund