Bygger skole til 363 millioner

10.06.2020
Karmøy-selskap vant stor byggekontakt i Sunnhordland
GL Prosjektservice  har levert det beste anbodet på bygging av Nysæter  ungdomsskule i Stord kommune

Prisen for ny Nysæter ungdomsskule var på førehand rekna til å vere på 306 millionar kroner, i følgje kostnadsoverslaget til kommunen, skriv Stord24.no

Førre veke kom var fristen for å levera anbod på bygginga av skulen. Her kjem det fram at dette kostnadsoverslaget var alt for lågt.

Det var seks firma som leverte anbod på skulen, og det beste tilbodet kom frå GL Prosjektservice AS frå Karmøy, som seier dei vil byggja skulen for 363 millionar kroner. Altså 57 millionar kroner høgare enn venta.

Prisauken skuldast fleire forhold. Totalentreprisen for sjølve skulebygget har auka frå 230 til 282 millionar kroner. Prislappen for den mellombelse skulen som skal brukast fram til den nye skulen står ferdig har auka frå 14 til 18 millionar, på grunn av utvida leigetid. I tillegg er det rekna 1,2 millionar uføresette utgifter knytt til flytting av høgspentkablar og trafo.

– Årsaka til auken i entreprisekostnaden er samansett. Prosjektet har fått direkte meirkostnader med omprosjektering for å få med opsjonane og mellombelse lokale. Ein ser og at det har vore ein generell prisauke, som vert forklart med Koronasituasjonen og at kronekursen for tida er svært låg, skriv rådmannen.

Kostnadane knytt til utarbeiding av opsjonar for 25-metersbasseng, basishall og klatrevegg har også vore for låge.

– Det det vist seg at dette arbeidet var meir omfattande enn først antatt, slik at avsette midlar i kostnadsoverslag var alt for lågt.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund