Etablerer eige innkjøpsføretak
08.04.2015
Stiftinga av Helse Vest Innkjøp HF ble vedteke av styret i Helse Vest RHF på styremøte 7. april 2015. Innkjøpsfunksjonen i helseføretaka, Helse Vest IKT AS og Helse Vest RHF blir overført til eit nytt innkjøpsføretak, heileigd av Helse Vest RHF. Når overdraging av verksemd er gjort, er det nye føretaket planlagt med om lag 50 stillingar.
Helseføretaka er avhengige av innkjøp av varer og tenester for å kunne gi sjukehustenester til befolkninga. Samla kjøper føretaksgruppa i Helse Vest varer og tenester for 5,5 milliardar kroner (2013), der 4 milliardar kroner er driftskjøp og 1,5 milliardar kroner investeringskjøp. Sidan innkjøp utgjer ein så stor del av dei samla kostnadane med å drive sjukehusa, er det viktig at det blir etablert kommersielt gode avtalar, og at kvaliteten og funksjonen på dei innkjøpte varene og tenestene også er gode. Ikkje minst er dette svært viktig for pasienttryggleiken.
Trass i at ein allereie kan vise til gode resultat for innkjøpsarbeidet i helseregionen samla sett, står innkjøpsfunksjonen i helseføretaka framfor krevjande utfordringar med omsyn til å betre både prosess og organisering. Ein gjennomgang vi har gjort peikar på at det, mellom anna, er manglande kapasitet til å inngå nye avtalar i den takta og i det omfanget som er nødvendig, seier økonomi- og finansdirektør i Helse Vest RHF, Per Karlsen.
– Det er også manglande kapasitet for forvalting av avtalar. Ulik ressurssituasjon mellom helseføretaka gjer at enkelte helseføretak dreg ein større del av lasset enn deira relative storleik skulle tilseie. For å ivareta det samfunnsansvaret vi har og sikre dei gode sjukehustenestene meiner vi at vi kan nytte ressursar og kompetanse på tvers av føretaksgruppa betre med ei ny organisering.
Helse Vest Innkjøp HF skal tilby gode innkjøpstenester til helseføretaka i Helse Vest, og bidra til korrekte og økonomisk fordelaktige innkjøp til helseføretaka.