Får penger fra kraftlag
27.11.2019
Lag og organisasjonar som driv med barne- og ungdomsarbeid er ei av dei prioriterte gruppene som får tilskot frå SØK. Skånevik idrettslag har i år fått 37 250 kroner. (Foto: Skånevik Idrettslag)
Skånevik Ølen Kraftlag (SØK) deler i desse dagar ut meir enn 2,5 millionar kroner til lokale utviklingstiltak og allmenne føremål i Ølen og Skånevik.
- Haugaland Kraft hadde eit ekstraordinært godt år i 2018. Me i SØK fekk dermed eit rekordstort utbytte på vel 10,4 millionar, fortel styreleiar Gunnar Dalen, og forklarar med det kvifor dei kunne vera ekstra sjenerøse med tildelingane i år. I fjor delte dei til samanlikning ut 1,8 millionar kronar.
Pengar til lokale tiltak
Midlane som nå er på veg inn på ulike bankkonti blir fordelte på 43 ulike organisasjonar og tiltak, og spenner frå 1 750 kr til 1 million som største bidrag.
Til føremålet bygde- og næringsutvikling har dei tildelt til saman ein million kroner, og til dømes Skånevik Bygdeutviklingslag har fått 270 000 og Vindafjord Arbeidsgivarforum 100 000 kroner. Allmennyttige føremål er den andre søknadskategorien, der har Skånevik kultur- og idrettshall og Ølen kulturhus fått dei største enkelttilskota på 60 000 kvar. Barne- og ungdomsarbeid er også i denne kategorien, og SØK gir alle lag ei støtte på 250 kr for kvar medlem under 16 år. Av denne potten får nå Skånevik Idrettslag 37 250 kroner og Ølen Idrettslag 69 500. Kulturarv og sogelagsarbeid har tre tildelingar: Stiftelsen Gjestgjevargarden får 10 000, medan Dag Nagel-Alne si Løa på Akslå og Prosjekt Kvernhus på Eintveit får 25 000 kroner kvar.
Toppfinansiering gir fiber i utkantane
Ein million går til fiberprosjektet i området Dommersnes - Trovåg i Vikebygd, som altså er det prioriterte fiberprosjektet for SØK i år. Ei slik løyving er med og sikrar framføring av fiber frå Vikebygd sentrum til Trovåg, nær grensa til Skjold. Dette er ein strekning med så lite kundegrunnlag at det ikkje blir kommersielt lønsamt for utbyggar Haugaland Kraft, forklarer Dalen.
– Prosjektet er heilt avhengige av at me nå er med og sikrar toppfinansiering på denne måten, seier Dalen som lovar at det etterkvart blir tildelingsmarkeringar for mottakarane.
Skånevik Ølen Kraftlag gjekk i 2017 saman med Haugaland Kraft. Føremålet til selskapet er å eiga aksjar i Haugaland Kraft AS for å bidra til sikker og moderne forsyning av energi og breibandstenester i det som var Skånevik Ølen Kraftlag SA sitt konsesjonsområde 1. januar 2017. Det gode fjorårsresultatet for Haugaland Kraft gav eit godt grunnlag for utbytte til aksjonærane i SØK, som i sommar delte ut 1,86 millionar i utbytte for 2018.
– Alle aksjonærar i SØK har dette året fått eit utbytte som er stort nok til å dekka formueskatt og utbytteskatt på aksjane, seier Gunnar Dalen. – SØK har etter generalforsamlinga i år gjort vedtak om at aksjeutbyttet kvart år framover som minimum skal vera så stort at det vil dekka skatten på SØK-aksjane.
Gunnar Dalen er styreleiar i Skånevik Ølen Kraftlag (SØK). (Foto: Kari Aakra)
---
FATKABOKS: Skånevik Ølen Kraftlag
Skånevik Ølen Kraftlag as si verksemd er å eiga aksjar i Haugaland Kraft AS. Aksjane skriv seg frå integreringa mellom Haugaland Kraft AS og Skånevik Ølen Kraftlag SA i 2017. Skånevik Ølen Kraftlag AS eig 3,93 % i Haugaland Kraft AS.
Utover utgifter til drift og aksjeutbyte vil SØK vidareføra økonomisk støtte til lokale tiltak i tre kategoriar:
- Bygde- og næringsutvikling
- Allmennyttige føremål (herunder anleggs- og forsamlingshus, barne- og ungdomsarbeid og kulturarv og sogelagsarbeid)
- Fiberprosjekt
TABELL TILDELINGAR 2019:
1. Bygde- og næringsutvikling | |
Markhus/Idrettslaget Gro | 90 000,- |
Fjæra/Fjæra og Rullestad Idrettslag | 90 000,- |
Bjoa Bygdeutviklingslag | 90 000, |
Vikebygd Grendelag | 90 000,- |
Ølensvåg Grendalag | 135 000,- |
Ølen Grendalag | 135 000,- |
Skånevik Bygdeutviklingslag | 270 000,- |
Vindafjord Arbeidsgivarforum | 100 000,- |
2. Allmennyttige føremål | |
A. Anlegg- og forsamlingshus | |
Markhus Bedehus | 5 000,- |
Bygdelaget Haugsbu | 5 000,- |
Ebne Gamle Skulehus | 5 000,- |
Skånevik Indremisjon | 5 000, |
Vaka Grendehus | 5 000,- |
Betlehem, Vikebygd Bedehus | 5 000,- |
Brandøy Misjons- og konf.senter | 10 000,- |
Bjoa Bygdehuslag | 10 000,- |
Bjoa Helselag/Sanitetslag | 10 000,- |
Grohallen | 10 000,- |
Fjæra Idrettshus | 10 000,- |
Stiftelsen Kyrkjetunet | 20 000,- |
Vågen Bygdasenter | 20 000,- |
Vikebygd Bygdahus | 40 000,- |
Skånevik Kultur- og Idrettshall | 60 000,- |
Ølen Kulturhus | 60 000,- |
B. Barne- og ungdomsarbeid | |
Idrettslaget Gro | 1 750,- |
Bjoa Mini-Credo og Barnekor | 2 250,- |
Bjoa Credo | 3 000,- |
Skånevik Skyttarlag | 4 750,- |
Tripp Trapp Skånevik | 5 500,- |
Ølen Skyttarlag | 6 250,- |
Skånevik Skulekorps | 6 500,- |
Bjoa 4H | 8 750,- |
Vindafjord Soul Kids & Soul Children | 10 250,- |
Bjoa Idrettslag | 11 250,- |
Ølensvåg Søndagsskule | 11 250,- |
Skånevik-speidarane | 11 500,- |
Vikebygd Idrettslag | 12 750,- |
Skånevik Idrettslag | 37 250,- |
Ølen Idrettslag | 69 500,- |
C. Kulturarv og sogelagsarbeid | |
Stiftelsen Gjestgjevargarden | 10 000,- |
Dag Nagel-Alne – Løo Akslå | 25 000,- |
Prosjekt Kvernhus Eintveit | 25 000,- |
3. Fiberprosjekt | |
Sum tildelt fiberprosjekt Dommersnes - Trovåg | 1 000 000,- |