Fart i næring på Liaheia

07.05.2019
Det er i dag fire bedrifter i næringsparkenpå Liaheia, til hausten får denne gjengen også eit rekneskapsbyrå med på laget. Frå venstre; Bjørn Frode Hustoft og Sigmund Langeland i Kalstveit & Vik, Olav Veggeberg i Aase Landbruk, Kristian Voll i Voll Motor, Jonny Einem i Vindafjord Trafikkopplæring og Alf Inge Dagsland i Øvregard Maskin.
Det var der vi kjørte fort i tidligere tider. Nå er det fart i næringslivet også
Medvind24.no har en fin artikkel om bedrifter som samles langs denne slake sletta noen steinkast fra Isvik...

"Då Kalstveit & Vik avslutta trelastavdelinga i Skjold i 2015, starta tidlegare dagleg leiar Bjørn Frode Hustoft og Jonny Einem i Vindafjord Trafikkopplæring å leika med ideen om samla lokale bedrifter i eit og same miljø på Liaheia. Kalstveit & Vik hadde ikkje lengre bruk for det store arealet, og dermed låg alt til rette for at andre bedrifter kunne få utvikla seg under same tak.

Resultatet blei Liaheia Næringspark, og fire år seinare er næringsparken blitt adresse for fire bedrifter med totalt meir enn 30 tilsette; Kalstveit & Vik, Øvregard Maskin, Voll Motor og Vindafjord Trafikkopplæring utgjer per i dag det som er blitt næringsparken i Skjold.

Ein av nøklane til suksessen var eigarstrukturen bak parken, seier Hustoft og Einem:

- Det viktige var å sikra eit langvarig og stabilt miljø, og unngå flyktige leigeforhold. Me oppretta Liaheia Næringspark som eige selskap, der alle fire bedrifter er likeverdige eigarar. Dei fire bedriftene på eigarsida kjenner godt til kvarandre frå før og deler same tankar om kva me ønskjer å få til her på Liaheia. Med eigarstrukturen i botn, og eit felles mål om auka aktivitet og eit godt bedriftsmiljø, har me sikra ei stødig forankring for ein levande næringspark, seier Hustoft.

Les hele artikkelen her
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund