Talet på arbeidslause auka med 11 000 frå august til november 2012. Dei arbeidslause utgjorde 3,5 prosent av arbeidsstyrken i november, melder SSB
Flere ble arbeidsledige
30.01.2013
Auken kom både blant menn og kvinner. I tillegg kom auken både blant dei under 25 år og dei i alderen 25-74 år, men var sterkast i den sistnemnde gruppa.
Til samanlikning var talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV uendra i november samanlikna med august.
Dei 94 000 arbeidslause i november svarte til 3,5 prosent av arbeidsstyrken. Dette var 0,4 prosentpoeng meir enn i august. I heile 2012 fram til og med oktober var den sesongjusterte arbeidsløysa på mellom 3,0 og 3,3 prosent.
Les meir her: