Flytebru i bue over Bjørnafjorden
16.09.2019
– Begge gruppene har anbefalt ei boga flytebru, seier sjefingeniør i Statens vegvesen, Øyvind Kongsvik Nedrebø, som har ledet arbeidet.
Flytebrua blir over fem kilometer lang, og skal krysse den 550 meter djupe Bjørnafjorden mellom Tysnes i sør og Os i nord.
Statens vegvesen har utgreia flytebru over Bjørnafjorden sidan 2014. Hovudalternativa var ei boga bru som berre var festa i enden på kvar side av fjorden, og ei rett bru som i tillegg hadde forankringsliner festa til sjøbotn.
Les meir om dei to alternativa til kryssing av Bjørnafjorden.
Internasjonal merksemd
Konklusjonen var at fleire alternativ måtte vurderast. Fire variantar er utgreia av dei to prosjektgruppene, AMC og OON . Dei viktigaste kriteria for arbeidet har vore konstruksjonstryggleik, funksjonalitet, kostnad og estetikk.
– Prosjektet med flytebru over Bjørnafjorden er grensesprengande, og har vekt stor oppsikt i utlandet. Dette har ført til at prosjekt som ein tidlegare ikkje trudde kunne gjennomførast, no blir utgreia, seier prosjektleiar Svein Erik Jakobsen hos AMC.
Arbeidet kan bli gjort i Norge
– Dette er eit prosjekt som krev tverrfagleg og innovativ jobbing. Bruprosjektet blir lagt merke til i fagmiljø nasjonalt og internasjonalt, seier Kolbjørn Høyland, prosjektleiar i OON.
Arbeidet som no er gjort syner at ny teknologi kan ha stort potensial for kostnadsinnsparing. I tillegg kan produksjonen bli gjort i Norge. Det vanlege er at mykje av stålarbeidet i ein så stor konstruksjon blir gjort i utlandet.
Les meir