Folketallet under press!
20.11.2018
Det budde 5 323 900 personar i Noreg 1. oktober i år, syner statistikken Befolkning.
Det vart fødd vel 14 800 born i 3. kvartal, medan om lag 9 500 personar døydde, og fødselsoverskotet enda på 5 300. Talet på fødde var nær 300 lågare enn tilsvarande kvartal i fjor, og tala for fødslar har gått gradvis ned dei siste åra. Talet på døde var nær 100 høgare enn same kvartal i fjor.
Færre innvandringar
Det innvandra 15 600 personar til Noreg i 3. kvartal. Det er 1 200 færre enn i 3. kvartal i fjor, og ein må tilbake til 2006 for å finne lågare tal for 3. kvartal. Det utvandra 9 300 i 3. kvartal i år, som er vel 600 færre utvandringar enn same kvartal i fjor, og nettoinnvandringa enda på 6 300.
Av utanlandske statsborgarar som innvandra, var det flest polakkar, 1 100. Deretter kjem syrarar, litauarar og svenskar, med nær 700 i kvar gruppe. Omtrent ingen syrarar utvandra, og nettoinnvandringa av syrarar enda dermed på 700. Nettoinnvandringa for dei med polsk statsborgarskap enda på nær 300 orsaka av dei 1 100 innvandringane og nær 800 utvandringar. For dei med svensk statsborgarskap enda det opp med ein liten nettoutvandring. Det heng saman med at det var vel 700 svenskar som utvandra.