Fra asfalt til regionbygger

05.05.2020
– Ei sånn rolle vil krevje at du har eit falkeblikk og ser ting overordna, seier Tora Haslum Myklebust. Foto: Velde Asfalt
Den nye leiaren av Samarbeidsrådet i Sunnhordland har bakgrunn frå industrien

Tora Haslum Myklebust er tilsett som ny dagleg leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland, og overtek etter Gro Jensen Gjerde som går av med pensjon etter 23 år i stillinga.


Ho har tidlegare jobba for Leirvik AS som disiplinleiar og områdeleiar, og som prosjektleiar for innovasjon i NCE Maritime CleanTech på Stord.

Den siste jobben hennar var i selskapet Velde asfalt, der ho jobba som kontraktsleiar sidan januar 2019.

– Eg gler meg stort til dette, seier 37-åringen til Stord24.no

Innflyttar til Stord


Myklebust kjem opprinneleg frå Strandebarm i Hardanger og flytta til Stord i 2012.

– Strandebarm var i si tid i Sunnhordland, så eg kjenner meg absolutt som ein sunnhordlending, seier ho.

– Kvifor søkte du på denne jobben?

– Det er ein utruleg spennande jobb med ein stor breidde i prosjekta. Så er det ein veldig dyktig og flink gjeng som jobbar der. Så det er totalpakken som gjorde at eg søkte.

Nyttige erfaringar frå industrien


Ho trur erfaringa frå industrien vil vere nyttig i leiarjobben.

– Det er klart at jobbane eg har hatt i Leirvik AS og i NCE Maritime CleanTech så har eg hatt kjennskap til nokre av prosjekta som rådet frontar. Det er heilt klart ein viktig erfaring å ta inn i denne jobben. Så vil eg jo også ha eit leiaransvar, og det hadde eg også i Leirvik.

– Kva saker blir viktig for deg å jobbe med?

– Eg synest det blir litt for tidleg å uttale meg konkret om enkelte saker. For meg så blir det no viktig å kartlegge og sjå kor me er, og kvar me skal. Men det blir jo å løfte fellesinteressene til alle desse åtte kommunane.

– Men det er ikkje alltid kommunane har felles interesser, som til dømes den evige ferjedebatten mellom Stord og Kvinnherad. Korleis vil du takle det?

– Ei sånn rolle vil krevje at du har eit falkeblikk og ser ting overordna, og ser kva som gagnar regionen i størst mogleg grad. Det vil alltid vere ulike interesser, og då må ein berre kome fram til den beste løysinga. Så har jo ikkje eg mandat til å trampe gjennom noko.

Brenn for det grøne skiftet


Ein ting er ho tydeleg på, at engasjementet rundt klima og det grøne skiftet er noko ho vil ta med seg i den nye jobben.

– Det grøne skiftet er noko eg brenn for. No har allereie Samarbeidsrådet fokus på mykje arbeid på det området, så eg tenkjer å synleggjere det endå meir.

Ho startar i den nye jobben 1. juni.

Myklebust var ein av 16 personar som søkte på stillinga. Sjå heile søkjarlista her.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

Haubo
A.Utvik as
SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Sysco
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Tveit
Hatteland