Fylkesdirektøren gir seg

17.11.2010
Fylkesdirektør for regionalutvikling i Rogaland, suldølen Terje Fatland, har bestemt seg for å tre tilbake. I et brev til sitt nettverk begrunner han hvorfor..

TID FOR ALT

Måndag 1 november 2010 var det 28 år sidan eg tok til i arbeid for Rogaland fylkeskommune.
Då som industrikonsulent.

I 1985, i alder av 33 år , blei eg tilsett som næringssjef.

Sidan har eg stått i dei posisjonar der fylkeskommunen ville ha meg.

Altså – 25 år med leiaransvar.

4 mars 2011 blir eg 59 år.

Me seier det er tid for alt.

For meg er det nå tid for å tre til side og ut av stillinga som fylkesdirektør for regionalutvikling.

Når eg er viss om at dette er det beste for meg, og sikker på at det er godt for organisasjonen som nå får eit fornyingselement, så er det relativt enkelt å ta ei slik avgjerd.

Kor vegen vidare går kan eg i dag ikkje klart definera , men første etappe blir i alle fall å arbeida for fylkeskommunen og med og for fylkesrådmannen.

Arbeidsoppgåvene skal definerast og meislast ut i samråd med fylkesrådmannen.
Som før skal eg rapportera til fylkesrådmannen.

Eg vil retta varm takk til alle som takkast skal, for å ha ytt ,slik at det har vore rikt og meiningsfullt for meg å vera i dei posisjonane eg har hatt.

Eg ser fram til vidare samarbeid med det solide nettverket eg har i alle deler av fylket.

Med beste helsing

Terje Fatland
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

Haubo
A.Utvik as
SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Sysco
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Tveit
Hatteland