Gaselle-epidemi i Vindafjord

17.12.2019
Foto: Fotograf Nordtveit
Asbjørn Moe i Fikse Næringsforening gler seg over ein epidemi som feier over Vindafjord...
- Det er veldig bra at me har såpass mange Gaselle-bedrifter i Vindafjord og Etne og me er avhengige av desse vekstbedriftene, seier dagleg leiar i Fikse Næringsforening, Asbjørn Moe til Medvind24.no

Dagens Næringsliv har også i år kåra Gaselle-bedrifter, basert på økonomisk utvikling dei fire siste rekneskapsåra, noko dei har gjort sidan 2003. Eit av krava for å bli Gaselle er at bedrifta har dobla omsetnaden dei siste fire åra.


Moe er imponert over at kommunen i år  har 11 Gaselle-bedrifter, men kanskje spesielt dei største, som held fram med å vekse år etter år.

- AutoStore i Vats er den største av dei alle, utviklinga deira er jo ei kanonhistorie. Me har mellomstore bedrifter som har auka omsetnaden frå 20 til 40 millionar, noko som sjølvsagt er godt gjort. Men det å vekse frå nesten 400 millionar til godt over ein milliard i omsetnad er ekstremt imponerande, seier han og viser til at det kan vere ein kombinasjon av fleire element som gjer at bedrifter i området gjer det godt.

- På den eine sida ser ein eit element av konkurranse uavhengig av kva bransje ein er i. I tillegg har me ein positiv smitteeffekt. Ein ser at andre bedrifter klarar å gjere det god og då kan ein bli inspirert av det, forklarer han.

Både AutoStore, Arriva Shipping, og Utbjoa Armering og Sveis har også tidlegare fått Gaselle-status. Av totalt elleve Gaselle-bedrifter er seks av dei nye. Nokon lokale nykommarar på lista dette året er Fatland, Sandfrakt Eigedom og Brødrene Mæland Prosjekt i tillegg til styringsverktøyleverandøren AdmMit i Sandeid.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund