Gründervekst i koronatider

25.08.2020
– Dei som kjem med idear er ofte blitt permitterte eller arbeidsledige. Men me ser også ei auke av folk som har ein jobb, seier Astrid Kjellevold i Atheno.
Atheno på Stord ser samme tendens som under oljekrisen for fem år siden
– Fleire vil starta for seg sjølv, og det gjeld ikkje berre dei som er blitt permitterte.Dette er noko me ofte ser når det kjem til utfordrande tider for næringslivet, fortel Astrid Kjellevoldi Atheno til Stord24.no

Ho har vore leiar i Atheno i 14 år, og vore gjennom finanskrise, oljekrise og no altså koronakrisa. Tendensen er den same: Når tidene blir urolige så skjer det noko med folk sin skaparlyst.

– Folk tenkjer meir kreativt


Ein skulle gjerne tru at folk er ekstra oppteken av å halda på ein stabil jobb i krevjande tider i næringslivet, men sånn er det ikkje nødvendigvis i følgje Kjellevold.

– Folk tenkjer gjerne litt meir kreativt når verda skjelv og er i endring. Kanskje det gjer at dei tenkjer meir på at det er andre moglegheiter dei ønskjer å realisere.

Kjellevold trur at folk blir litt meir satt når ting går veldig bra over lang tid, og at det er noko som støttar opp om ein lønsmottakarkultur. Det er først når krisa kjem at ein får ein slags dytt til å følgja sine eigne idear.

– No har eg vore med i 14 år og har vore gjennom fleire konjukturfall og ulike type krisar, og det er faktisk sånn at dette er eit gjentakande mønster. Nedgangstidene skapar kreativitet ikkje berre for dei som blir ledige, seier Atheno-leiaren.

Fordeler 2.5

 

Fordeler 2.5 millionar


Rådmannen i Stord kommune har bestemt at Atheno skal få ansvaret med å fordela 2,5 millionar som staten har løyvd det kommunale næringsfondet i samband med koronakrisa. Atheno ønskjer å bruka 1,2 millionar av desse pengane til ulike tiltak for å hjelpa oppstartsbedrifter.

Kjellevold meiner det er heilt avgjerande for Stord-samfunnet at fleire lukkast med gründerbedrifter.

– Atheno er eit selskap som jobbar både med dei små og store. Sjølv om me er veldig oppteken av at dei etablerte lokomotiva skal omstilla seg og tenkja nytt, så er det veldig viktig at me har ein kontinuerleg underskog av oppstartsbedrifter. Det du heilt avhengig av for å skape vitalitet i næringslivet.

I løpet av åra Kjellevold har vore leiar for Atheno meiner ho å ha sett ein endring i gründerkulturen på Stord.

– Eg har absolutt sett ein auke av gründarar. Eg trur at element som oljekrise og koronakrisa kan ha hatt noko å seia. Men så trur eg også den teknologiske utviklinga har vore vel så viktig. Det er også eit verdiskifte på gang og ein del unge som leitar etter nye forretningsmoglegheiter. Så me er spente på framtida.

 

Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund