Hydro starter opp igjen på Husnes

26.11.2020
Tar i bruk teknologi utviklet på Karmøy
– Det er snakk om milliardomsetning, seier ex-haugesunderen Eivind Kallevik, konserndirektør for primærmetall i Hydro til Stord24.no

Aluminiumsverket på Husnes har gått for halv maskin dei siste åra. Men tysdag morgon starta produksjonen opp igjen i B-hallen. Når alle dei 200 elektrolysecellene i den kilometerlange hallen er starta opp, vil det bety ein kapasitet på rundt 195.000 tonn aluminium i året, ein auke på rundt 100.000 tonn frå dagens nivå.

Med ein salspris på rundt 2.000 dollar per tonn gir det store inntekter. Samtidig aukar Hydro med rundt 100 nye stillingar.

– Det er direkte på verket, seier Kallevik.

– Men det som er viktig, er òg dei ringverknadene vi ser i lokalsamfunnet med tanke på til dømes handel og serviceverksemd.

Aluminiumsverket på Husnes har vore ei hjørnesteinsbedrift i Kvinnherad heilt sidan det vart starta i 1965.

Men i 2009 stengde Hydro B-hallen på grunn av eit brått prisfall og markert lågare etterspurnad etter aluminium under finanskrisa.

Den gong vart det understreka at stenginga var mellombels. Men først i 2018 tok Hydro den endelege avgjerda om å starte opp igjen. Sidan den gong har selskapet investert cirka 1,5 milliardar kroner i verket for å rehabilitere og oppgradere anlegget.

– Det vi ser på Husnes no, er at vi får teke i bruk ein del av teknologien vi utvikla til piloten på Karmøy. Vi får forbetringar både på katodesida og straumskjenesida, seier Kallevik.

Desse forbetringane blir anslåtte å gi ei energiinnsparing på 2–3 prosent, noko Kallevik kallar signifikant.

Grønare metall


Ifølgje konserndirektøren er produksjonen på Husnes i verdsklasse.

Bakteppet er vasskraftbasert produksjon, som i kombinasjon med ny teknologi sikrar vesentleg lågare klimautslepp frå aluminiumsproduksjonen enn hos mange av konkurrentane.

Gjennomsnittet i verda er utslepp på rundt 18 kilo CO2 per kilo aluminium produsert. Men på Husnes vil utsleppa liggje på rundt 4 kilo CO2 per kilo aluminium produsert.

– Vi kallar det Reduxa. Det er eit eige merkenamn, seier Kallevik.

– Og det er klart at gitt heile berekraftsdagsordenen i Europa og i Noreg, så ser vi at dette er eit produkt der vi ventar at etterspurnaden vil auke ytterlegare.

Slepp framleis ut CO2


Heilt utsleppsfri er produksjonen likevel ikkje. Hydro må mellom anna svare for utslepp frå karbonanodar som blir fortært i produksjonen.

I år blir klimautsleppa berekna til 159.000 tonn CO2. Med den auka produksjonen neste år blir utsleppa anslåtte til 277.000 tonn CO2.

Kallevik vil ikkje gå i detalj, men seier Hydro på sikt har håp om å få vekk også desse utsleppa.

– Vi har ulike teknologiløp som har det som hovudformål. Det kan vere alt frå CO2-fangst til annan type prosessteknologi enn den vi bruker i dag.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

Haubo
A.Utvik as
SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Sysco
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Tveit
Hatteland