Krever sikrere veger

18.02.2010
Trygge og gode vegar er alfa og omega for oss som har valt å driva næringsverksemd utanfor dei store byane, heter det i et fellesskriv som SMB Odda og Ullensvang Næringsforum skal presentere for stortingspolitikere.

Stortinget sin transport- og kommunikasjonskomité kjem til Hardanger onsdag 24. februar. Det vert eit kort, men likevel særs viktig besøk for oss som bur og driv næringsverksemd i Hardanger. Eit besøk som gjev oss høve til å setja fokus på konkrete saker me meiner det er viktig at rikspolitikarane våre er merksame på når planar skal vedtakast, prosjekt prioriterast og midlar fordelast.

Næringslivet i Odda og Ullensvang er samansett av nokre få store verksemder, og ei stor og variert mengd av små- og mellomstore verksemder. SMB Odda og Ullensvang Næringsforum har til saman over 100 medlemsverksemder, med over 1300 tilsette, og omset samla for over 2 milliardar kr årleg. Felles for alle er behovet for kvalifisert arbeidskraft, og trongen for transport. Våre tilsette og familiane deira må kunna ferdast på trygge og rassikre vegar. Det same må alle dei som transporterar varer til og frå verksemdene våre. Trygge og gode vegar er alfa og omega for oss som har valt å driva næringsverksemd utanfor dei store byane. Vår rekruttering av stabil og kvalifisert arbeidskraft er avhengig av det, og vår evne til å kunna driva lønsam næringsverksemd og med det skapa sikre og gode arbeidsplassar er avhengig av det. Næringslivet ynskjer å gjera sitt for at Hardanger skal vera ein god stad å bu og arbeida i, og for at Hardangerkommunane kan oppretthalda, og helst, auka folketalet. Sikre og gode kommunikasjonar er mellom dei beste rammevilkår storsamfunnet kan gje oss!

Det er viktig å minne om at vegane også er svært viktige turistvegar. Tyssedal-Kinsarvik vert del av Turistveg Hardanger. Riksveg 13 i Hardanger er del av Fjordvegen, og prosjektet Diktarvegen. Fleire hundretusen turistar køyrer på vegane her i sommarsesongen. Reiselivsnæringa er avhengig av sikre vegar for å oppretthalda næringa og ynskjeleg vekst. Ikkje minst må også tilreisande kunna føla seg trygge når dei ferdast langs vegane våre.

Transport og kommunikasjonskomitéen si reiserute går denne gongen langs riksveg 13, ein veg med mange strekningar der lite har skjedd på svært mange år. Som representantar for store deler av næringslivet i Odda og Ullensvang er det tre strekningar me vil at komitémedlemmane merkar seg særskilt:
1. Deildo mellom Lofthus og Børve
2. Strekninga Odda-Tyssedal
3. Oddadalen, frå E134 i Jøsendal og til Hildal

Ved Deildo mellom Lofthus og Børve gjekk det eit stort steinras romjula 2003, og eit nytt ras i 2004. På strekninga Odda-Tyssedal har det gått store ras både i 2008 og 2009. Vegen gjennom Oddadalen er i rasfare frå dårleg fjell, her er også tidvis stor flaumfare. Desse tre områda er arbeidsveg for svært mange av våre tilsette, skuleveg for born og barneborn, og ein viktig turistveg. Områda er overmodne for utbetring og rassikring!

Riksveg 13 er klassifisert som stamveg og dermed staten sitt ansvar. Det øvrige vegnettet er som kjent fylket sitt ansvar frå og med i år. Lokalpolitikarane våre skal ha ros for å vera flinke til å lytta til våre synspunkt. No oppmodar me dei til å gjera det dei kan for å påvirka "sine" medlemmar i transport- og kommunikasjonskomitéen. Me oppmodar dei til å syta for at alle nødvendige planar ligg klare når midlar skal fordelast. Vegstandarden må ikkje vera det som hindrar utvikling og vekst i regionen vår!

Anne Tove Sandal Teigenes, SMB Odda
Geir Midtun, Ullensvang Næringsforum
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 Sør-Norge
Hydro
Eurojuris Haugesund