Kritisk til auka pendlartid

18.01.2009
- Utviklinga i vår region går i feil retning når ein i 2009 har opp mot fem timars reis tur retur Sauda - Stavanger, medan den same reisa tok tre timar for tredve år sidan, seier leiaren i Sauda Vekst, Harald L.Løland.

Han er kritisk til utviklinga av samferdsletilbodet i distrikta.
– Ein halvtimes pendletid akseptert, men når ein kjem opp mot ein time merkar næringslivet at det er verre å få arbeidsfolk. Dei mest attraktive kommunane og regionane har gode høve for pendling, seier Lølande til lokalavisa Suldalsposten.

– Geografien er det vanskeleg å få gjort noko med, seier Løland. – Me kan derimot gjera noko med samferdsle og kommunikasjon. Ikkje minst i distrikskommunane Suldal, Sauda ,Vindafjord og Etne. Rette tunellar gjennom fjell og brukrysning over djupe fjordar vil i desse kommunane langt på veg skapa ein felles arbeidsmarknad, samtidig som me knyter oss til meir sentrale deler av fylka.

Løland nemner spesielt Sandsfjordbrua, ny veg Sauda - Etne, Etne - Skånevik samt opprusting av eksisterande Rv 520 og Rv 46.
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund