Megakontrakt på Rogfast

08.10.2018
Den største av alle Rogfast-kontrakter legges nå ut på anbud.
Kontraktsverdien er 3-3,5 milliardar kroner, og er den største kontrakten på Norges største veg- og tunnelprosjekt.

- Vi forventar stor interesse for kontrakten, både frå norske og utanlandske entreprenørar. I fyrste omgang er det prekvalifiseringa, der entreprenørane må søkje om å få delta i sjølve tilbodskonkurransen. Fristen for innlevering av søknad er 21. november, seier prosjektleiar Tor Geir Espedal.

Det skal sprengjast 20,6 kilometer tunnel, byggjast 4,5 kilometer veg og fem nye bruer på Kvitsøy. I tillegg skal det sprengjast to ventilasjonssjakter som begge er 10 meter i diameter og som skal 250 meter ned til begge løpa under Kvitsøy.

- Teknisk er dette den av tre kontraktar med størst utfordringar, også med logistikken. Det skal produserast store mengder betong, som eit døme skal det monterast 340.000 kvadratmeter med vegg- og takelement, seier Espedal
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

Haubo
SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Tveit
Hatteland