Optimisme i Sauda
29.09.2008
Han fortel om optimisme og framtidstru i industribygda inst i Ryfylke.
Næringsselskapet Sauda Vekst A/S har i det høve sett i gong eit prosjekt - Adresse Sauda – som i første rekkje er retta mot Sauda-buar som har flytta ut for arbeid, eller som er under utdanning. Både dette og andre liknande prosjekt skjer i samarbeid mellom næringsselskapet, kommunen, Sauda vidaregåande skule og NAV Sauda.
Satsinga på utvikling av lokalsamfunnet, for å gjera det mest muleg attraktivt, har vore framtredande dei siste åra. Utbygginga i Svandalen er kjent for dei fleste. Siste året er det opna ny golfbane og nytt idrettsstadion er i ferd med å bli fullført. Neste år står utbygging av Nasjonal Turistveg i Allmannajuvet for tur. Dette er det største enkeltprosjektet på Ryfylkevegen, ein av 18 strekningar som får status som Nasjonale Turistveg i Norge.
I tillegg til den generelle høgkonjunktur er årsakene til den positive utvikinga mange. Dei mest synlege i Sauda er bygging av nye hytter og fritidshus som i dei siste åra har vore langt over det som tidlegare er registrert. Vasskraftutbygginga som er gjennomført av Elkem – Saudaprosjektet - har vore eit vesentleg bidrag, samtidig som fleire år med gode økonomiske resultat på Sauda smelteverk – Eramet Norway – har medført nye store investeringar.
I sum har dette kome leverandør- og servicenæringar til gode, ikkje berre lokalt, men i heile regionen.
Ny Rv 520 mellom Sauda og Etne står framleis høgt på lista over tiltak som skal gi Sauda- samfunnet eit nytt løft. Ikkje berre ved at det gir kortare avstand til sentrale deler av Haugesundsregionen og E 134, men først og fremst fordi det opnar for ein vesentleg større arbeids- og serviceregion. Saman med Sandsfjordbrua vil kommunane Sauda, Suldal, Vindafjord og Etne med dei to nemnde samferdselsprosjekta bli ein felles arbeidsregion innafor det som er reknar som akseptabel reisetid.
Reguleringsarbeidet for prosjekta som blir gjennomført av Statens Vegvesen, går mot avslutning. Den store utfordringa framover blir finansiering. Dette vil stilla store krav til samarbeidsevne og samarbeidsvilje. Signala som i den samanheng er gitt frå kommunane Sauda og Suldal den siste tida, gir grunnlag for optimisme. Det same gjeld signal frå sentralt politisk hald, skriv Harald L. Løland i Sauda Vekst.