Overtok Odda-selskap
08.11.2010
Norconsult er Norges største tverrfaglege rådgjevar retta mot samfunnsplanlegging og prosjektering. Gjennom ca. 80 års erfaring har selskapet bygd opp eit solik fundament som ein leiande aktør både nasjonalt og internasjonalt. Norconsult sitt hovudkontor ligg i Sandvika utanfor Oslo.
Selskapet er eigd av dei tilsette og har ca. 1750 medarbeidarar, fordelt på 1400 i Noreg og 350 i utlandet.
- Samanslåinga av dei to selskapa vil gje våre kundar i Hardanger og Sunnhordaland betre tilgang på lokal tverrfagleg kompetanse, og vil styrkje mogelegheita for å kunne trekkje på spisskompetanse fra heile Norconsult, seier Arne Røynstrand, tidlegare hovedeigar i Hardanger Consult
- I løpande oppdrag vil det merkast liten forskjel i det overtakinga ikkje får nokon konsekvensar for verken oppdragsmedarbeidar, organiseringa av oppdraga eller kostnader for kundane. Kontaktpersonar i Hardanger Consult vil vera dei same i Norconsult.