Rikfolk bak meisterkokk-etablering

13.06.2012
Meisterkokk Geir Skeie startar gourmetrestaurant på kaia i Leirvik. Bak står to Fitjar-sysken som tente seg rike på aksjesal.
Før var det pizzarestaurant på Sunnhordlandskaien. No blir det gourmetrestaurant med to gonger Bocuse d'Or-vinnar, Geir Skeie.

31-åringen frå Fitjar vann europameisterskapen i kokkekunst i 2008. Året etter vann han det som blir rekna som verdsmeisterskapen i Bocuse d'Or.

Satsinga på restauranten på Sunnhordlandskaien skjer i lag med GSE Sandvik, som eig lokala, skriv bt.no.

- Eg har hatt lokala på Sunnhordlandskaien i kikkerten og tenkt at dersom eg skulle starta opp noko på Stordøya, så vart det her, seier Skeie til avisa.

Meisterkokken opna restauranten «Brygga 11» i Sandefjord, Også der er GSE Sandvik AS inne som investorar og eig 50 prosent av restauranten.

I tillegg eig dei saman selskapet Vinhav Geir Skeie AS, som driv engroshandel av vin og brennevin.

Samarbeidet med familien Sandvik frå Fitjar starta då dei kom med som sponsorar under Bocuse d'Or.

Svein og Gunny Sandvik har vore sentrale i skipsdesignverksemda Vik-Sandvik, som i 2008 blei seld til Wärtsila for litt over ein milliard kroner.

Les meir her:

http://www.bt.no/nyheter/innenriks/Gourmetkokk-pa-kaien-2720688.html
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

Haubo
A.Utvik as
SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Sysco
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Tveit
Hatteland