Tom Rydland i Multiconsult på Stord gler seg over at selskapet skal bidra til bygginga av verdas største landbaserte oppdrettsanlegg. Foto: Sande Aqua/Fitjarposten

Multiconsult skal prosjektere verdens største oppdrettsanlegg på land

Skrevet .
Del saken og skap bevegelse

– Me synest Multiconsult viste ein breidde i kompetansen, ein nysgjerrigheit og eit engasjement som var tiltalande for oss. Me ser verkeleg fram til dette samarbeidet, der eg trur me begge kan pusha kvarandre til nye høgder, seier styreleiar Stein Inge Larsen i Sande Aqua. til Stord 24.no

Det nye anlegget vil ha ein kapasitet på svimlande 33.000 tonn matfisk i året, og skal byggjast på Sandøya i Fensfjorden i Vestland. Her er det allereie naudsynt infrastruktur på plass, som kaianlegg og tilgang til ferskvatn.

– For Multiconsult er dette eit viktig oppdrag som stadfestar posisjonen vår som eit leiande rådgjevarmiljø innanfor akvakultur, seier Tom Rydland i Multiconsult på Stord.

Me har lang erfaring og solid kompetanse innan prosjekteringa av landbaserte anlegg med RAS-teknologi. Det er gledeleg at Sande Aqua vel oss som partnar på rådgjevarsida.

Jobben til Multiconsult blir i første omgang å bidra med kalkyler, kvalitetssikra leveransar og såkalla tidlegfaserådgjeving.

– Før spaden kan setjast i jorda er det omfattande prosjektering som skal gjennomførast. Me er godt rigga for å handtera denne type prosjekt i Multiconsult.